fredag 20. juni 2008

Hilsen fra onkel reisende Math

Hei alle saman der heime!(skrevet 17. juni)
Forst maa eg faa sei eg har det bra! Alle desse morkhuda har behandla meg fint og alle er veldig hyggelege! Inntrykka har vore mange paa denne eventyrreisa paa tvers av kontinenter og ein ny kultur presser seg paa (bokstaveleg talt..) i eit kaos av nye aromaer..! Neida, magen har vore overraskande bra, heilt problemfri faktisk.. Litt skuffande i grunn sidan eg har hoyrt det er ein del av problemstillingane ein staar ovanfor paa denne typen ekspedisjonar. Grunnen ligg nok i manglande reinhald tilbake i mitt moderland over lengre tid, saa maa nok skjerpe meg til seinare..
Saa til hendingane! Eit mangfald og ta av! God start med ein overdaadig hete som slo imot kl elleve paa kvelden i det eg trer ut av den glidande svane. Fortsett saa med raakjoyring inn til byen med taxi i stummande morke utan bilbelte.. Det var daa eg kom til ein av mine forste nye oppdagingar; etter morkets frambrot forsvinn folket medan t-skjortene forblir.. Her kunne det fort ha vorte ei enda daarlegare frontrute enn kva den var i utgangspunktet og refleks bor bli det neste satsningsomraadet. Det gjekk heildigvis bra og slik har det faktisk fortsett sidan!
Tross min noko korte misjonsreise vil eg sei eg har faat sett mykje. Globetrottaren "Rogjas!" har teke meg med under huda paa dette samfunnet og gjeve meg den usensurerte sida! Mott masse folk og sett deira levesett, noko som absolutt har gjeve meirsmak! Kanskje vil eg yte min bistand ein dag i framtida eg og..
Men no ropar min reisekompanjong og vil ha meg med paa nye folkelegheiter. I morgon staar tre dagars safari til Murchinson Falls for tur, og vi gledar oss!!
Takk for all stotte! Well done! Nice time!!

Ingen kommentarer: